torsdag 11. august 2016

Sæbø-cupen 05 og 06 august 2016

KAMPOPPSETT SÆBØ-CUP

Gruppe A         Gruppe B
Sæbø                Ørsta
Vartdal              Åmdal
Hovdebygda      Hasundgot

Alle kampar er 2 x 25 minutt.

Ørsta sikra seg sigeren etter å ha vunne 1–0 over Åmdal i finalen. Målet kom ved Emil Bjørdal.
Bjørdal vart kåra til turneringa sin beste unge spelar, medan Sjur Haug på Ørsta vart kåra til turneringa sin beste spelar.Ørsta kom til finalen etter å ha vunne 5–1 over Sæbø i semifinalen.

For oss vart dette nok ein vellukka Sæbø-cup. Cupen har vore arrangert kontinuerleg kvart år heilt sidan 70-talet, seier turneringsleiar Alf Ole Aarseth. Han rettar ei takk til dei deltakande laga, med ein spesiell takk til Hasundgot som sporty stilte opp på kort varsel.
Arrangørane takkar også dommarane Jan Erik Myklebust, Jan Erik Bratteberg og Richard Olsen.

Alle laga stilte noko redusert og ferieprega, men med mange unge spelarar representert frå alle lag i cupen, syner dette at regionen har fleire bra fotballtalent, seier Aarseth.

I dei innleiande kampane fredag vart resultata slik:
Ørsta-Åmdal 0 - 3,
Hovdebygda-Vartdal 0 - 2,
Hasundgot-Ørsta 0 - 6,
Sæbø-Hovdebygda 2 - 2,
Åmdal-Hasundgot 6 – 1,
Vartdal – Sæbø 0 – 2.

Den største skrellen var altså at Åmdal slo Ørsta i den innleiande kampen. Etter kampane fredag var det klart at Hovdebygda og Hasundgot ikkje fekk vere med til finalespelet.
I kampen om femteplassen vart det 2 - 2, og Hovdebygda sikra seg sigeren på straffesparkkonkurranse.
Ørsta gjorde kort prosess med Sæbø i semifinalen. Til slutt vart det 5–1 til fjerdedivisjonslaget.
I den andre semifinalen vart det jamnare. Divisjonskollegaene Åmdal og Vartdal møttest til dyst, og det vart Åmdal som gjekk sigrande ut av duellen med 2 - 1-siger.
I bronsefinalen vart det eit oppgjer mellom Sæbø og Vartdal. Femtedivisjonslaget Vartdal viste seg sterkare enn sjettedivisjonslaget Sæbø, og Vartdal vann 3 – 1.

Finalen vart spennande.
Ørsta vann 1 – 0 etter ei skåring av Emil Bjørdal.
Det var rundt 100 tilskodarar som fekk med seg cupen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar