lørdag 28. september 2013

Langevåg - Vartdal

Vartdal trengde poeng borte mot Langevåg torsdag for å halde liv i opprykksdraumen. Kampen enda uavgjort, 1-1, og Vartdal er avhengig av eit FK Sykkylven-tap for å kunne ta den andre opprykksplassen.

fredag 20. september 2013

Vartdal - Åheim

Vartdal var store favorittar heime mot botnlaget Åheim torsdag. Vertane hadde full kontroll på kampen, og vann til slutt 4–0.

fredag 13. september 2013

FK Sykkylven - Vartdal

Både FK Sykkylven og Vartdal kjempar om den andre opprykksplassen i femtedivisjon. Då laga møttest på Dalemyra stadion torsdag enda det uavgjort, 1–1.

søndag 8. september 2013

Vartdal - Hovdebygda

Vartdal vann 2-1 over Hovdebygda i eit svært tett oppgjer på Remen laurdag. Gjestene HIL leia 1-0 til pause.