mandag 28. februar 2011

Dag 1




Då var vi på plass i Tyrkia, nærmare bestemt i Sidè. Vi kom på hotellet i 4 tida natt til mandag, til eit forferdeleg regnvèr. Når vi stod opp i halv ti-tida mandag var derimot regnet vekk, og eit par timar seinare var det strålande sol og blå himmel. Vi reiser ilag med Volda, og i tillegg er Austevoll FK her, og Vålerenga.

Fyrste ykta var roleg, der vi berre leika oss litt med ball og kjente på det fantastiske grasteppet. Strøøkne baner, beire enn dei beste kunstgrasbaner, sikkert på nivå med det dei spelar på i England. Fantastisk. Jon Helge har allereide lovt at vi droppar kunstgras på nyestadion, og skal få oss eit slikt teppe istadenfor.


Tilbake på hotellet la vi oss ved bassenget alle mann, berre avbrutt av ein fantastisk lunsj. Mat blir servert heile dagen, og buffeten er utruleg bra. Frukost, lunsj og middag går over i kvarandre. Vi slikka sol og nokre tøffingar våga seg ut i bassenget, men knappe 10 grader fristar ikkje så veldig. Solinga vart berre avbrutt av gullfangsten til Marit Bjørgen! Heia NORGE!!


Ettermiddagsykta kl 16 derimot var det litt meir fart i. Vi kjaure litt teknikktrening og angrepsmønster før vi gjekk over på trelags-modell med fullt trykk. Der var det bra innsats, og folk merka det på kroppen at det var dagens andre ykt.


Tilbake på hotellet vart samtlege beordra i det kalde bassenget for å auke blodsirkulasjonen og få fart på restitueringa. Nok eit påfunn Kenneth har lest på internett.............! :)



No på kvelden har vi ete middag, og skal samlast seinare til quiz. Imorga er ein ny dag, med to ykter, den fyrste klokka 9.


(Vi spurte Vålerenga, som også er på hotellet ilag med oss om dei ville møte oss til treningskamp, men dei var så slitne, at dei takka nei. At dei ikkje tørr møte oss seier vel sitt om korleis dei ligg an før Tippeligasesongen i år...)

Tilslutt litt bileter frå idag.

Leidulf

Sjefen

Han so trur han e sjef.

Kapteinen. (Solbrende)

Avreise og ankomst


lørdag 26. februar 2011

Før Avreise

Då nærma det seg avreise for Vartdal a-lag.
Søndag kl. 07.15 vender me nasa til Gardemoen.

Vartdal reiser ilag med Volda sitt lag.